Den døde ørna er eit sørgeleg syn. Foto: Kjetil Rydland.

Død ørn i Fitjarøyane

I kveld har Terje Aleksandersen fått i hende ei havørn som blei funnen i Fitjarøyane tidlegare i dag.

Som medlem av viltnemnda i Fitjar kommune blei han kontakta av Edel Bukkholm, som hadde funne den døde havørna utanfor Bukkholmen.

Aleksandersen har teke seg av den omkomne ørna på beste måte i kveld. Det ser diverre ut til at ho er så skadd at ho ikkje er eigna til utstopping.

Kva som har skjedd med ørna, kan han ikkje slå fast sikkert. No tek han vare på fuglekroppen i fryseboksen sin, og i morgon kontaktar han Geir Røssland i Fitjar kommune for å varsla funnet på forskriftsmessig måte.