Tryllekunstnar Steinar Theien. Foto: Pressefoto

Trylling som slutt på Sommarles!

Tryllekunstnaren Steinar Thelen kjem til Fitjar folkebibliotek  tysdag 20.9. Barn som deltok i Sommarles-kampanjen er inviterte til trylleframsyningar, heiter det i ei pressemelding frå biblioteket.

– Biblioteka i Fitjar og på Stord har i sommar hatt mange flittige og flinke lesarar i Sommarles-kampanjen. I alt har barn i dei to kommunane nytta sommaren til å lese heile 8085 bøker. Dette fordeler seg med 4889 bøker på Stord og 3196 bøker i Fitjar.  

I Fitjar deltok heile 60 % av skulebarna i kampanjen. Stord kom med for fyrste gong i år, og her var deltakinga om lag 30 %. 

For å feire denne lesegleda og leseinnsatsen, har vi altså invitert tryllekunstnaren Steinar Thelen. Han har mellom anna hatt oppdrag for Magic Circle i London. I tillegg vil biblioteka takke for den store innsatsen med lesing i sommar.        

– Framsyninga finn stad tysdag 20.9. kl. 18.30  i Fitjar kulturhus, skriv bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen.