Azurena Lòpez og Juanita Son Raquel (i midten) frå Guatemala likte seg godt på Årskog museum. Her flankert av Ingrid Leiråmo og Franz Roberg som har budd i Guatemala. Foto: Håkon C. Hartvedt

Suksess for Open dag på Museet

 Langt fleire enn tidlegare fann i går vegen til Open dag på Årskog Museum. Til stades var òg ein delegasjon frå Comalapa i Guatemala.

To av dei langvegsfarande frå Guatemala var Azurena Lòpez og Juanita Son Raquel. Dei var både overraska og glad for det dei fekk sjå og høyre.
– Flott at me fekk oppleve den gamle kulturen. Du må takke Bente Bjelland for at ho fekk oss med på dette, sa dei. Og etter det fitjarposten seinare fekk vite, hadde dei mellom anna kjent igjen eigne handarbeidsteknikkar på dei gamle tekstilane dei fekk sjå.

Kultursjef Bente Bjelland var svært nøgd med det gode frammøtet og det gode samarbeidet med Fitjar Bygdekvinnelag, Fitjar Husmorlag og Fitjarklubben.

Elles let me bileta som følgjer fortelje sitt.

Emma Vestbøstad prøver seg med blåserør. Foto: Håkon C. Hartvedt

Holger Joswig med hestesko. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fin musikalsk framføring ved Silje og Harald Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Vigdis Aarre Olsen med lefse. Foto: Håkon C. Hartvedt

Lilli Ann Drønen serverte nykinna smør på flatbrød. Foto: Håkon C. Hartvedt

Godt med folk på museet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Litt teater var det òg. Her ser me Johanne Malene Ekeland Valvatne og Anne Sofie Ekeland Valvatne. Bjørn Sigurd Sælevik Fjose var òg med i stykket. Foto: Håkon C. Hartvedt