Mykje folk. Foto: Magnhild Turøy

160 000 kroner til Vyborg

– Me reknar med å kunne sende rundt 160 000 kroner til Vyborg, smiler ei stornøgd Magnhild Turøy i Vyborghjelpen etter basaren i Fitjar bedehus i går ettermiddag. 

Ho fortel vidare at dei hadde selt for over 100 000 kroner på bøker på førehand, og så kom arrangementet i går i tillegg, med mykje folk som ikkje kvidde seg for å kjøpe lodd.

Frå gevinstbordet. Foto: Magnhild Turøy

– Me hadde dekka til 150, og så mange vart det òg. Nokon kom heilt ifrå Askøy, opplyser Turøy.
Med seg i arrangementskomiteen hadde ho mannen Kjell Turøy, Eldbjørg Tufteland, Olaug Wiik, Martin Nygård, Hans Johansen og Endre Inge Stokken, pluss fleire andre har stilt som loddseljarar eller på kjøkenet gjort ein kjempeinnsats på den måten.

F.v. Evangeliesenterleiar Erik og pastor Valera frå Vyborg vert tolka av styreleiar i Vyborghjelpen, Jon Teigen. Foto: Magnhild Turøy

FItjar Musikkforeining var med og song. Der var det ein del som var vekke, men folk frå Sunnhordlandsmusikken, som kunne songane, stilte opp, og så vart det ein bra gjeng likevel. Foto: Magnhild Turøy

Det var elles 10. gong at basaren til inntekt for Vyborghjelpen vart arrangert. Kvar basaren skal vere vekslar mellom Huglo og Fitjar. I fjor var han på Huglo, så var det altså Fitjar sin tur i år.