Vel blåst og ikkje forblåst i vindparken

 

Midtfjellet-dagen vart tilslutt ei solskinshistorie, med godt med folk og gode forhold for ein utfartsdag i fjellet, både med og utan startnummer.

Det var nok mange som undra på korleis det skulle gå. Dagen starta som ein studie i grått, men enda opp med fri sikt til Siggjo, om det var nokon som følte for å sjå den vegen. Det tøste med ivrige o-løparar heilt frå starten av, det auka på med folk etter som dei innleigde bussane bussa folk både frå Olstjødno og sentrum, og rett så sosialt vart det då turmarsjdeltakarane byrja å koma i mål. Med alle desse på plass, var det til slutt ein heil liten folkeinnsjø som tok imot gladiatorane som hadde kjempa med eit utal prosent stigning og kvarandre for å koma først gjennom dei 4,4 kilometerane fram til mølla som går under namnet B12 i Midtfjellet vindpark.

 

Det var ein heller grå start på dagen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Og om eit år er ein klare for å gjera det heile ein gong til, og då finn kanskje endå fleire vegen, både av deltakarar og tilskodarar. For i år var det ingen grunn til å trega på at ein tok sjansen, trass i dystre utsikter.

 

Live Sumstad Øen, og Malene Øen, med Ingeborg Sumstad Øen på skuldrene, gjorde seg klare til å leita etter postar i Fitjarfjellet. Foto: Arne Vestbøstad

 

Labb og Line var populære hjå den yngre garde. Foto: Arne Vestbøstad

 

Dei gratis pølsene fauk raskt av grillen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Karakteren mr Vind Miller for rundt som ein kvervelvind, og fekk ungane med seg på faktene sine. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Oddingane (frå venstre) Sindre Solheim Eide, Elias Nguyen Hansen, Harald og Vegard Solheim Eide tok ein avstikkar frå ei o-samling på Stord for å springa, og kunne fortelja at sikten ikkje var så verts i løypa og det gjekk greitt å finna fram. Foto: Arne Vestbøstad