Viktig å vite om bandtvang i Fitjar kommune

Det er framleis bandtvang i beiteområde, og nokre plassar er det bandtvang heile året.

På nettsida til Fitjar kommune kan me lese følgjande:

– Fitjar kommune har gjennom lokal forskrift bandtvang i område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar fram til 15. oktober.

 Det er generell bandtvang i Norge mellom 1. april og 20. august. Gjennom ei lokal forskrift til hundelova har Fitjar kommune utvida tidsrommet for bandtvang.

 Ut over normal bandtvangstid, 1. april-20. august, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt på følgjande stadar:

1I tilknyting til bustad- og handleområde.

2På gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett og sport.

3I område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar 21. august-15. oktober.

4I følgjande tur- og rekreasjonsområde:

                
a) Rossneset

                
b) Breiavikjo