Harde tak i kampen mellom Fitjar og Nore Neset fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

1-1 og eitt poeng til A-laget

Fitjar og Nore Neset delte poenga i ein fartfylt og god fotballkamp på Nore Neset fredag kveld.

Fotballkampen på Nore Neset blei ein av dei beste me har sett i årets 5. divisjon, og var ein kamp ingen av laga fortente å tapa.

 

Aggressivt heimelag i stort tempo

Heimelaget gjekk ut i stort tempo, og før Fitjar-spelarane var akklimatiserte på nordsida av Bjødnafjorden, stod det 1-0. André Helland på høgrebacken var uoppmerksam og kom uforvarande til å fella ein heimeangripar i stor fart mot mål. Straffesparket sette Mats Lepsøe kontrollert i mål, utan sjanse for keeper Jakob Mehammer.

Trass den leie starten gjorde verken «Mini» eller Jakob nemneverdige feil dei 90 hektiske minutta som følgde. Fitjar-spelarane skjerpa seg og heldt godt følgje med aggressive Nore Neset-spelarar, som hadde vinden med seg i første omgang. Men det var heimelaget som hadde dei største sjansane, og ballen gjekk fleire gonger i aluminiumsstengene. Eit par minutt før pause låg ballen bak Jakob i Fitjar-målet, men assistenten på linja var godt plassert, og vinka for offside. 


Kjell André Thorland var som vanleg blant dei beste på banen. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar tok initiativet etter pause

I byrjinga av andre omgang tok Fitjar over spelet, og dominerte det første kvarteret. Det var såleis heilt fortent at Øyvind Fykse Lie fekk høve til å utlikna på straffe sju-åtte minutt ut i omgangen. Fellinga inne i feltet såg klar nok ut, og Øyvind sin straffe var minst like klar. 

Ei lita stund såg det ut til at Fitjar skulle klara å pressa vertane over på defensiven, men dei aggressive gjestene kom tilbake og spelte seg til fleire store sjansar utover i andre omgang. Men Fitjar-forsvaret var gode og heldige, og ikkje minst André Helland brukte farten sin og rydda opp i stor stil.

 

Vel tøffe Nore Neset-spelarar

I mål gjorde ikkje Jakob Mehammer feil, og viste fram fleire fine redningar. Nore Neset viste seg som eit jamt godt lag, med styrke i duellane og stor fart på ballen. Enkelte gonger var dei litt for tøffe, noko som gjorde at Leif A. Tangen måtte gå av banen i første omgang.

Dommar Kjell Gudvangen kunne med fordel ha pussa støvet av det gule kortet litt tidlegare. Han venta heilt til det berre var vel eit kvarter igjen av kampen før han drog det fram. Etter kvart fekk tre heimespelarar sjå det gule kortet. Elles leverte dommaren ein god kamp.

 

Fortent poengdeling

Rundt ti minutt før slutt kom unge Daniel Skarpnes inn for Fitjar. Han hadde to fine tilbod som kunne ha avgjort kampen for Fitjar. Men med 1-1 ebba kampen ut, og dermed blei det eitt velfortent poeng til kvart lag. 

På Fitjar spelte som vanleg midtbanemannen Kjell André Thorland ein god kamp, og var nok banens beste. Elles var det heilhjarta innsats over heile linja. Ikkje minst dagens eldste Fitjar-spelar, André «Mini» Helland, var aktiv både i forsvar og angrep. Elles er det kjekt å sjå at dei tre 16-åringane klarer seg så bra i ein hektisk kamp som dette.

Etter dagens poeng held Fitjar godt følgje med dei andre laga som ligg på trygg plass i 5. divisjon. Med ein kamp mindre spelt har dei 28 poeng på femteplassen. Om ei veke, laurdag 17. september, er det ny heimekamp, mot botnlaget Rosendal. 

Markus Helland Tislevoll i fint driv. Foto: Kjetil Rydland. 

 

KAMPFAKTA

Nore Neset – Fitjar 1–1 (10)

Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Nore Neset idrettsplass
fredag 9. september kl. 19.00
Publikum: 50
Dommar: Kjell Gudvangen, IL Gneist

Mål: 1–0 Mats Lepsøe (straffe – 2), 1–1 Øyvind Fykse Lie (straffe – 52).

Gult: Andrew Lukey, Ivar Bøthun og Mats Lepsøe, alle Nore Neset. 

Fitjar sitt lag: Jakob Mehammer, André Helland, Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Marius Helland Storebø, Helge Træet (k), Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Leif André Tangen (Lars Fitjar Waage 38),Markus Helland Tislevoll (Daniel Skarpnes 82), Jan Åge Tislevoll.