«Gutta på tur»

 

Turgruppa GTP- Stord hadde nyleg tur til Fitjar.

GPT-Stord, som stiller i klassen eldre junior, samla til torsdagstur. Først på stiane på Rossneset, så til Engesund. (Foto: Oddbjørn Kvålsvoll)

Nyleg hadde GPT-Stord (Gutta på tur) ein heilt fantastisk tur til Fitjar, meldte Oddbjørn Kvålsvoll i stordnytt.no sin digitale postkasse torsdag.

Gjengen starta torsdagsturen sin i turstien på Rossnes i fantastisk haustver, før to hurtiggåande båtar tok dei med til Engesund Fiskeoppdrett og visningssenter.

– Her fekk me profesjonell orientering om oppdrettsnæringa sin historikk og utvikling, fortel Kvålsvoll. Servering fekk dei òg. – Fiskesuppa var av topp kvalitet.

For mange av karane i turfølge var dette nytt.

– Dagen i Engesund gav glimt inn i ei næring som har stor verdi som distrikts- og eksportnæring, seier Kvålsvoll til stordnytt.no

 

Dinest gjekk turen til Engesund….. (foto: Oddbjørn Kvålsvoll)

 

 …der karane fekk innføring i oppdrettsnæringa sin historie og utvikling av Lisa Instefjord. (Foto: Oddbjørn Kvålsvoll)