Wärtsilä 31-motoren valt til nytt fiskefartøy

Den nye snurparen/trålaren som vert bygd ved danske Karstensens Skibsværft vil vere verdas første fiskefartøy med Wärtsilä 31-motoren. (Bilde: Karstensens Skibsværft).

Wärtsilä har vunne ein kontrakt på leveranse av komplett fremdriftssystem til ein ny fiskebåt som skal byggjast for Peter Hepsø Rederi AS. Gir og propellear skal engineerast på Bømlo, og kontrollsystemet skal engineerast på Stord. 

Wärtsilä 31-motoren, som gjennom Guinness Rekordbok er kjent som verdas mest effektive firetakts dieselmotor, er valt som hovedmotor for ein ny snurpar/trålar. Båten skal byggjast ved det danske verftet Karstensens Skibsværft for Peter Hepsø Rederi AS frå Sør-Trøndelag. Snurparen/trålaren vil vere det første fiskefartøyet som vert utrusta med Wärtsilä 31-motoren. Kontrakten med Wärtsilä vart signert i september.

I tillegg til hovedmaskineriet vil Wärtsilä også levere eit komplett framdriftssystem med 2-speed gir, vridbare propellar, dyser, Wärtsiläs ProTouch kontrollsystem og akselgenerator.

 «Wärtsilä 31-motoren representerer ein ny standard når det gjeld drivstoffeffektivitet, noko som og betyr at utsleppa er låge. Vidare gjev Wärtsiläs 2-speed gir mindre drivstofforbruk og lågare støynivå. Vi er svært glade over å samarbeide med verft og eigarar med å introdusere ein trålar i verdsklasse til marknaden», seier Aaron Bresnahan, salsdirektør i Wärtsilä Marine Solutions.