Lovnad om at stønaden skal halde fram

Framme frå v.: Astrid Larsen (Friluftsrådet Vest), Mette Lambach (Hordaland ME-forening), Doris Westerheim (Dåfjorden Vel), Rune Helland (FAU Sælevik skule), Simen Aarskog (Fitjar Idrettslag), Ole Bergensen (Revyfestivalen) og Finansrådgjevar i Spv Ingrid Vestbøastad. 2. rekkje: Geirmund Aga og Hrafn Thorsteinsson (Fitjarfestivalen), Eli Simonsen (Temakveldane til Fitjar sokneråd), Arvid Ole Refvik (orgel). Bak: Ingebjørg Seim (Fitjar Seniorsenter, Kari Prestbø (Fitjar Skulekorps), John Arvid Skumsnes (Neserevyen),Harald Rydland (orgel), Karvel Strømme (Stiftinga Håkon den Gode), Ellinor Bergesen (Ope Hus og Frivilligsentralen), finansrådgjevar Sissel Våge og banksjef Arve Havnerås (Spv). Foto: Håkon C. Hartvedt

Sparebanken Vest inviterte i går ettermiddag representantar frå lag og organisasjonar i Fitjar som fekk stønad i banken i vår, til ei lita samling før banken legg ned fitjaravdelinga 1. oktober. Og dei fekk lovnad om fortsett stønad.

– Det er trist at me må leggje ned avdelinga vår i Fitjar, men me skal framleis vere lokalbank og støtte opp om lag og organisasjonar i Fitjar, sa Aut. Finansiell Rådgjevar, Ingrid Vestbøstad.

I tillegg fekk alle ein plakett over gåva som dei fekk i vår, før det vanka kaffi og kake. Før dei gjekk heim gav banksjef Arve Havnrås dei òg ei innføring i SPING, Spv sitt nye betalingssystem.

Banken delte ut 360 000 kroner i vår, og dei vart fordelt slik:

Neserevyen kr 5000,-

Revyfestivalen «Berre galskap» kr 15 000,-

Fitjarfestivalen kr 20 000,-

Ope hus 10 000,- (bordtennisbord)

Frivilligsentralen kr 30 000,-  (richshaw-el.sykkel)

FItjar Idrettslag kr 45 000,- (Skiljevegg)

Fitjar Seniorsenter kr 10 000,-

Fau Sælevik  kr 10 000,- (bordtennisbord)

Orgel Fitjar kyrkje: kr 100 000,-

Fitjar komm. eldreråd: kr 10 000,-

Fitjar Skulekorps: kr 40 000,-

Fitjar sokneråd, temakveldar: kr 5000,-

Hordaland ME-forening. 

Dåfjord Vel: kr 15 000,- (tursti)

Stiftinga Håkon den Gode: kr 15 000,-

Friluftsrådet Vest: kr 25 000,- (arbeidsbåt)