Delegasjon frå Tyskland til vindmølleløpet

Bård Inge Bø var beste fitjarbu i vindmølleløpet både i fjor og i forfjor. Vert han det i år òg? Foto: FP-arkiv/HCH

– Når det etter kvart tradisjonelle vindmølleløpet, eller vindmølledagen, om du vil, vert arrangert førstkomande laurdag, vil ein gjeng frå  den nye medeigaraen, tyske Aquila kapital, vere på plass. Det seier leiar for arrangementet, Ole Bergesen, til fitjarposten.no.

– Tyskarane vil ikkje berre vere til stades. Dei vil òg grille bratwürst som dei deler ut gratis til folket frå standen sin. I tillegg syter dei for at det vert ekstra store premiar til løpsvinnarane i år. Og det vert eins premiar for både dame- og herrar for beste tid: 10 000 kr til 1.plass, 5000 kr til 2. plass og 2500 kr for 3.plass, legg han til.

Vinnaren av herreklassen løpet i fjor, Torstein Tengsareid, er bortreist og kan ikkje delta. Heller ikkje  Eli Anne Dvergsdal, som vann dameklassen suverent i fjor, er å finne på plass i år. Dermed er det ope for nye til å henta heim sigeren i desse klassane. Og Ole har fleire gode kandidatar på blokken, både i herre- og dameklassen, men alle er ikkje i skrivande stund avklart. Men det er nok av gode til til at våre beste skal overgå seg sjølv om dei skal ha vinnarsjansar.

Nytt av året er Fitjarmeisterskap i revkrok. Ei humørfylt sak som sikkert ein del hugsar frå feiringa rundt Lillehammer OL i 1994.

Elles går o-løpet «Møllesprinten» som før, det vert stands av ymse slag – og underhaldning. I år kan du parkere ved Olstjønn, så går det skyttelbuss derifrå.

Personar med nedsett funksjonsevne får køyreløyve til å køyre heilt opp til mølle B12 med eigen bil. Møt opp ved FKIB laurdag kl 11.00 eller kontakt Ole Bergesen på tlf. 941 32 310 eller e-post: ole@fkib.no, for å få løyve.