Klart for ny open dag

Frå teaterframsyninga i fjor. Foto: FP-arkiv/HCH

Open dag på Årskog museum har blitt ein svært god tradisjon og ei fin oppleving for små og store. Førstkomande søndag er det duka for ein ny spennande dag på museet.

Frå den spennande aktivitetslista kan me nemna: Kafe, Teater for barn og unge, Utstilling: «De båtreisende på Vestlandet», hesteskokasting, eplekransverkstad, smørkinning, baking av flatbrød, hoppetaulaging, demonstrasjon av ulike handarbeidsteknikkar og aktivitetar for born.

Det vert òg underhaldning.

Inngangspengane er ikkje avskrekkande: Kr. 50 per pers og familie (2v og 2b) kr 150,-

– Men hugs å ta med kontantar, skriv arrangørane: Fitjar kulturkontor, Fitjar bygdekvinnelag, Fitjar husflidslag og Sunnhordland Museum.

Frå Open dag 2015. Solfrid Sandvik bakar flatbrød. Foto: FP-arkiv/HCH