Barn + eldre = gøy! 

Geirr Lystrup. Foto: pressefoto 

Fredag 16. september vil Geirr Lystrup halde konsert for barn og eldre i Fitjar kulturhus og i Stord kulturhus.

Geirr Lystrup inviterer til hyggeleg samlingsstund på tvers av generasjonar. Det blir liv og leven i hugsestua når unge syng Geirrs barnesongar for dei eldre og dei eldre kvitterer med «Blåmann, Blåmann» og «Mari du bedåre» for ungane. Musikk skal vere ein møteplass, seier Geirr, og lover mykje moro, god stemning og full frart frå null til hundre på tre kvarter!

Trodlahaugen barnehage på Stord og Fitjarstølane barnehage på Fitjar skal kore på konserten, og barnehagane er i full gang med å øve inn songane som Geirr Lystrup skal spele. Konserten er støtta av den kulturelle spaserstokken, og eldre frå institusjonar er spesielt inviterte. Men konserten er open for alle.