Fitjarspelarar på talentcup

 

Leander Reigstad og Jone Nysæther. Foto: Privat

I helga var to spelarar frå Fitjar sitt gode G14 lag på Hamar for å spele Hamkam Talent Cup med Team Sunnhordland, eit samansett lag beståande av dei beste G14 spelarane i distriktet.

Etter 2. plass i den innleiande  gruppa bar det vidare til sluttspel. Der rauk på dei på straffer i semifinalen.

Hamkam Talent Cup er ein invitasjoncup der fleire av dei beste laga i Norge deltek.

Molde vann turneringa.

– Veldig kjekt å sjå at ein liten klubb som Fitjar kan oppfostre spelarar som held høgt nasjonalt nivå. Denne gongen var det Leander Reigstad og Jone Nysæther som var med, men me har fleire spelarar som held nivået inne, og kanskje vil det ved neste høve vera fleire fitjarspelarar som får prøve seg, skriv Martin Nysæther til fitjarposten.no.