Anders Halleråker Strand med pokal frå den siste NM-runden i crosskart. Foto: Kjetil Rydland.
Anders heim med pokal!
I natt kom Anders Halleråker Strand heim med pokal etter sin første A-finale i den største crosskartklassen.
Det er derfor ein strålande fornøgd Anders med møter i solskinet på Søre Stølen søndag føremiddag.
Ny kart gav eit løft
Den siste NM-runden gjekk av stabelen på Krabyskogen ved Gjøvik i går. Dette er ingen lykkebane for Fitjar Racing Team, og pappa Ingve André Strand har ikkje likt seg spesielt godt der.
Men Anders leverte sin hittil beste prestasjon i den største klassen, 650 kubikkcentimeter, i ein kart han aldri har køyrt før.
I går overtok han nemleg karten som pappa Ingve kjøpte av Marius Vardeberg i sommar. Og denne vogna passar tydelegvis Anders som hand i hanske.
I denne karten står ein KTM-motor som er sterkare enn det Anders er van med. Den har blitt køyrt tre sesongar før utan nokon problem. I tillegg syntest Anders denne karten var lettare å gira.
Første A-finale i 650 ccm
Og køyringa gjekk som ein leik. Etter to andreplassar og ein fjerdeplass i kvalifiseringsomgangane gjekk han direkte til A-finalen, der han starta i 7. spor.
Då er det litt vanskeleg å vita korleis du skal leggja opp taktikken, eit stykke bak i køen. Anders fekk ein litt sein start, men etter kvart køyrde han seg opp til ein flott sjetteplass. Dette er klar ny bestenotering for Anders.
Vinnar av gårsdagens NM-runde blei Even Heggelund, som òg vann NM i crosskart samanlagt. Resultat frå NM-runden på Krabyskogen finn du via Facebook NBF Crosskart NM.
Sjå crosskart på TV og Internett
Opptak frå gårsdagens NM-runde kjem på Viasat Sport komande onsdag. Litt seinare på kvelden går det an å sjå løpet på nettstaden injection.no.
Sesongen nesten over, men full satsing til neste år
No er crosskarrtsesongen meir eller mindre over, men Anders reknar med å køyra eit par løp til om forholda legg seg til rette. Det kan bli aktuelt å køyra i gjesteklassen Vikedal i september; ein tur til Kongsberg kan det òg bli.
Det gjeld å køyra mykje før neste sesong, seier både Anders og faren, Ingve. Til neste år blir det full satsing på Anders, er både far og son samstemte om.
– No er målet å få to noregsmeistrar i familen! seier ein oppglødd Ingve til slutt.