Sebastian T. Thomassen gir 5-0 til Fitjar, medan Smørås-keeperen er utspelt. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar vann lett over Smørås 2

A-laget møtte overkommeleg motstand då Smørås 2 kom på besøk til Fitjar Idrettspark søndag ettermiddag, og 6-2-sigeren kunne lett blitt mykje større.

Sørås stilte med eit relativt svakt toarlag til seriekampen i dag, og Fitjar brukte berre npkre få minutt på å ta leiinga. Leif André Tangen gjekk på eit sugande løp frå eigen banehalvdel og inn i Smørås-feltet. Der fekk han tak i eit flott framspel frå midtforsvaret til Fitjar og la inn framfor mål. På 8–10 meter kom Jonas Tislevoll stormande, og plasserte ballen sikkert i mål.

Kort etter var Smørås farleg frampå med ein dobbelsjanse frå kort hald, men Fitjar-forsvaret fekk redda med eit nødskrik. Etter eit kvarter var det klart for 2–0, også denne gongen ved ein aktiv og løpsvillig Jonas Tislevoll. Innlegget kom frå Arild Fitjar Waage. Jonas heada det fine innlegget knallhardt i mål frå 8-10 meter. Ei perle!


Arild Fitjar Waage med målgivande mot Smørås 2. Foto: Kjetil Rydland.

Bortelaget viste ikkje mykje spel som er verdt å nemna, men hadde eit par skarpskodde mann framme på banen. Lukkelegvis blei det ikkje scoring på dei i første omgang. I staden la Fitjar på til 3–0 før ein halvtime var gått. Kjell André Thorland plukka opp ein retur på 16-meteren, og plasserte ballen fint nede ved stolperota. Dermed var kampen meir eller mindre avgjort, og Fitjar gjekk til pause med ei fortent 3–0-leiing.


Ikkje greitt å vera Smørås-keeper i kamp mot Helge Træet og Torbjørn Korsvik. Foto: Kjetil Rydland.

I pausen kom fire nye inn på banen for Fitjar, utan at dette gjekk nemneverdig ut over slagkrafta. Før fem minutt var gått av andre omgang, hadde ein av dei lagt på til 4–0. Marius H. Storebø fekk det aller første seriemålet sitt for A-laget då han sette ballen i mål etter at Arild Fitjar Waage skote i stolpen. Dei to siste måla til Fitjar kom ved ein annan innbytar.

Sebastian T. Thomassen brukte mindre enn ein halvtime på banen til å scora to mål. 5–0 sprang han i mål frå kort hald etter eit fint innlegg frå Jan Åge Tislevoll på høgrevingen. På 6–1-scoringa gjorde Sebastian det meste sjølv, tok ballen med seg på venstresida og skaut kontrollert i venstre hjørnet til keeper.

Kjell André Thorland var som vanleg blant dei beste på banen. Foto: Kjetil Rydland.

På Fitjar spelte som vanleg den sentrale midtbanemannen Kjell André Thorland ein god kamp. Elles var det mykje godt på det jamne, mot svært overkommeleg motstand. Det trekkjer litt ned at dei sleppte eit så pass labert lag som Smørås 2 til sjansar og mål. Men alt i alt ein klar og velfortent siger.

Etter dagens trepoengar held Fitjar godt følgje med dei andre laga som ligg på trygg plass i 5. divisjon. Med ein kamp mindre spelt har dei 27 poeng på femteplassen. Førstkomande fredag skal A-lagsgutane til Nore Neset, og neste heimekamp er laurdag 17. september mot Rosendal.

 

KAMPFAKTA

Fitjar–Smørås 2: 6–2 (30)

Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark søndag 4. september kl. 15.00
Publikum: 100
Dommar: Thomas Gjesdal, SK Trane

Mål: 1–0 Jonas Tislevoll (8), 2–0 Jonas Tislevoll (14) 3–0 Kjell André Thorland (28), 4–0 Marius Helland Storebø (49), 5–0 Sebastian T. Thomassen (75), 5–1 Andreas D. Midtgaard (81), 6–1 Sebastian T. Thomassen (85), 6–2 Fabian M. Throndsen(88).

Gult: Michael Svahn, Smørås

Fitjar sitt lag: Ruben Træet (Aleksander Henriksen 46.), Leif André Tangen (Thomas S. Koløen 46 og Sebastian T. Thomassen 63), Torbjørn Korsvik, Helge Træet (k), André Helland (Sigve Hjelmen 80), Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Arild Fitjar Waage (Jonas Aleksandersen 58), Markus Helland Tislevoll ( Marius Helland Storebø 46), Jonas Tislevoll (Daniel Skarpnes 46), Jan Åge Tislevoll.