På stand midt i matfestivalen

Bygdelagskvinner på stand i Bergen: F.v. Berit Opus, Bjørg Strømme og Berly Giljarhus. Foto: HBK

På stand midt i matfestivalen

Bjørg Strømme er leiar i Hordaland Bygdekvinnelag. Under den store matfestivalen i Bergen er ho på plass for å profilere laget.

Ho melder til fitjarposten at det «kryr av folk trass i lange regnbyger». Ho er og svært nøgd med at ho har fått vere med på å profilere bygdekvinnelaget for svært mange folk. Mellom anna har dei synt fram toving, noko som vekte stor interesse.

Så mange andre fitjarbuar på festivalen veit me ikkje om, anna enn at restauranteigar Odd Einar Tufteland naturleg nok og stilte i denne samanhengen.