Politiet hjalp til med frieri

Det er ikkje så ofte me siterer politiet når saka omhandlar noko som har skjedd i Haugesund. I dag gjer me eit unnatak.

Mellom politiets twittermeldingar kunne me nemleg lese følgjande notering frå i natt:

«Ein av våre patruljer har i natt medverka til ein manns frieri til ei dame. Ho svarte ja. No smir me og folk i hymens lenker.»

Så politiet kan hjelpe til med litt av kvart…