Gode pengar frå grasrotandel

Anne Helseth i Norsk Tipping gler seg over stadig auke i grasrotandelen. Foto: Norsk Tipping.

Norsk Tipping sitt grasrotandel-opplegg tilfører gode pengar til lag og organisasjonar. Også i Fitjar.

I desse dagane vert det overført over 155 millionar kroner til lag og foreiningar over heile landet. Grasrotandelen aukar meir enn nokon gong. 

No i byrjinga av september er det klart for utbetaling av grasrotmidlane for perioden 1. mai – 31. august, og det er mang ein kasserar som får seg ei hyggeleg overrasking

Formidabel auke
Det skal utbetalast over 155 millionar kroner til lag og foreiningar på grasrota i den norske foreiningsfloraen. I same periode i fjor blei det generert 129 millionar kroner. Det vil seie ein auke på 20 prosent! 

Tar vi med årets fire første månader, har Grasrotandelen hittil i år bidrege med 301 millionar kroner til det frivillige Norge. Tilsvarande tal i fjor var 256 millionar. 

Nedanfor kan du sjå kor mykje lag og organisasjonar i Fitjar er tildelt så langt i år.

Normal.dotm 0 0 1 177 888 Media Consult AS 15 2 1243 12.0 0 false 21 18 pkt 18 pkt 0 0 false false false