På plass hos dei kongelege

 

Karl Sandvik og Magnar Kloster er på plass i dronningparken som Fitjar sine representantar på hagefesten. Her fotografert framfor slottet.

På den store hagefesten i Dronningparken i Slottsparken er 1500 utvalde folk frå heile landet samla akkurat no, og mellom dei finne me altså dei to fitjarbuarane.

Akkurat no er det mingling og mat, skriv Magnar på sms. Det er og han som har fått sendt over bileta som er teke framfor slottet før det heile starta kl 14.00. 

Arrangementet skal halde fram til kl 16.00, og du kan følgje det direkte på NRK1. Og kanskje får du eit glimt av Karl eller Magnar òg?