Kantor Jan Overweg og Gunnar Hageberg med ei pipe som har stått i orgelet i Fijtar-kyrkja sidan 1895, men då kom ho frå Korskirken i Bergen, der det blei sett inn i 1856. Foto: Kjetil Rydland.

Kyrkjeorgelet demontert

I dag blei orgelet i Fitjar kyrkje demontert, og pipene blir lagra på ein trygg stad.

Då me kom innom kyrkja i ettermiddag, var fem orgelentusiastar i full aktivitet oppe på galleriet. Dei var nettopp ferdige med å demontera det gamle orgelet og heldt på med å pakka ned pipene. Dei skal lagrast på eit eigna rom i kyrkjegardshuset ved sida av.


Ein glad gjeng med orgelkunnige på galleriet onsdag ettermiddag; f.v. Jan Overweg, Harald Skumsnes, Gunnar Hageberg, Lars Hageberg og Nils Ingmar Hageberg. Foto: Kjetil Rydland.

I tillegg til kantor Jan Overweg var fire orgelkjennarar frå Osternes-krinsen med. Harald Skumsnes har traktert det gamle orgelet meir enn dei fleste. Det har ikkje dei tre brørne Hageberg, Lars, Gunnar og Nils Ingmar, men dei har stor interesse for og store kunnskapar om orgel og musikk. Derfor var dei godt eigna hjelpesmenn i denne jobben.

Gunnar Hageberg fortel at dei har hatt god kontakt med Riksantikvaren undervegs. Det er viktig å ta vare på dei gamle pipene, for dei kan komma til nytte under eventuell restaurering av gamle orgel. Dersom gamle orgelpiper ikkje er å få tak, kan det bli umogeleg å setja gamle orgel i stand att.

Orgelbyggjar Niels Pedersen Kvarme brukte mange piper som hadde blitt brukte i Korskirken i 1865, då han bygde orgelet i Fitjar i 1895. Av desse pipene var det nokre som kom frå eit kyrkjeorgel i København frå midten av 1600-talet. Han seier vidare at piper frå Korskirken skal ha blitt monterte i Bremnes, Stord og Fitjar kyrkjer, og no står nokre av desse pipene i Austevoll kyrkje.


Piper frå Korskirken 1856, og enkelte kan vera frå midten av 1600-talet, då dei blei monterte i eit kyrkjeorgel i København. Foto: Kjetil Rydland.

Det er såleis ikkje så reint lite historisk sus over jobben som blei gjort i Fitjar kyrkje i ettermiddag. Jan Overweg fortel at han ikkje kan seia nøyaktig kva for piper som stammar frå København, men han er ganske sikker på at nokre av dei er så gamle. 

Kantoren fortel at kyrkja blir stengt etter neste søndag. Då vil det noverande galleriet bli fjerna, det må skiftast ut for å få plass til det nye orgelet. Første søndag i advent blir kyrkja opna igjen, men det nye orgelet blir ikkje klart til bruk før i februar 2017.


Den gamle orgelpulten har nok sett sine beste dagar. Foto: Kjetil Rydland.


Under rivinga kom denne flotte målinga for ein dag. I 1895 var det fire slike felt med måling, to på kvar side av orgelpulten, fortel Jan Overweg. Sjablongmåling av denne typen var på moten den gongen, fortel han. Seinare har målinga blitt dekt med plater. Foto: Kjetil Rydland.