Lengre opningstid på biblioteket

Frå venstre: Fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, skulebibliotekar ved Fitjar vidaregåande skule Rita Huse, biblioteksjef Fitjar folkebibliotek Silje Vågen Torbjørnsen, Spesialbibliotekar/skulebibliotekkoordinator Guri Aarhus.

Fitjar folkebibliotek og Fitjar vidaregåande skule har inngått samarbeid. Det fører til lengre opningstid.

Fitjar folkebibliotek vart i 2016 plukka ut som eit av Hordaland fylkesbibliotek sine modellbibliotek. Fylkesbiblioteket har fått støtte av Nasjonalbiblioteket til prosjektet Sterk, spenstig og klar, 2014 – 2017.

Eit innsatsområde i regional kulturplan «Premiss: Kultur 2015-2025» er at innbyggjarane i Hordaland skal ha tilgang til moderne og attraktive bibliotek. I det treårige prosjektet «Sterk, spenstig og klar», som er støtta av Nasjonalbiblioteket, er eitt av måla fornying av biblioteklokala og meir aktiv formidling i det fysiske og digitale bibliotekrommet.

Biblioteka skal systematisk og planmessig bli betre i stand til å oppfylle den nye formålsparagrafen i biblioteklova og møte utfordringane når samlingane vert meir digitale. Ein av strategiane er å utvikle nokre bibliotek i Hordaland til modellbibliotek. 

Fitjar vart valt ut på bakrunn av søknaden som gjekk ut på å fusjonere Fitjar vidadregåande sitt skulebibliotek med Fitjar folkebibliotek. Fitjar skal også arbeide for å utvikle eit meir ope bibliotek som kan vere tilgjengeleg for lånarar utanom opningstid. 

Avtalen er underskiven av rådmannen i Fitjar og opplæringsdirektøren i Hordaland fylkeskommune og seier at biblioteka skal ha eit tett samarbeid til beste for elevar og studentar. Ved å foreine samlingane vil ein ha eit breiare utval for alle brukarane av biblioteka. Den skjønnlitterære samlinga til Fitjar vidaregåande skule vil vere lokalisert på Fitjar folkebibliotek, medan fagbøkene til studieretningane vil fortsatt vere lokalisert i den ærverdige peisestova på Fitjar vidaregåande. 

Fitjar kommune har bidrege med 150 000 kroner  til modellbiblioteket. Fylkesbiblioteket stiller med 100 000 kroner og interiørkonsulent.

På Fitjar vidaregåande skule har ein behalde mest mogleg av det gamle. Peisestova er flott rom som må bevarast i den gamle stilen. Når det gjeld Fitjar folkebibliotek sitt lokale i Kultur- og idrettsbygget, vil det skje endringar utover hausten, når det gjeld innreiing av lokalet.  

– Me er veldig nøgd med at me har fått slått saman ressursane i høve til opningstid, slik at folkebiblioteket har utvida opningstidene med 6 timar i veka.  I tillegg kan vil ein ha tettare samarbeid når det gjeld arrangement og tilstellingar for studentar og innbyggjarar i bygda. 

Nye opningstider
Dei nye opningstidene er slik:

Måndag 11-14

Tysdag 10-18

Onsdag 11-14

Torsdag 10-18