Jonas Aleksandersen viste at han framleis har krut i støvlane, og her skyt han i vinkelen. Foto: Kjetil Rydland.

Tøft for juniorlaget

Juniorlaget til Fitjar fekk det tøft i den første haustkampen sin, og måtte tola tap 1-5 for Minde på heimebane i kveld.

Etter vårsesongen har Fitjar rykt opp eit hakk i seriesystemet, og motstanden er tydelegvis noko tøffare. 

Kveldens motstandar, Minde, vann den første haustkampen sin heile 7-1, og viste seg som eit sterkt lag. Men det begynte bra for Fitjar på det glatte graset i Fitjar Idrettspark. Etter 12 minutts spel fekk heimelaget frispark frå 25 meters hald. I kjent stil tok Jonas Aleksandersen fart, og la ballen i ein fin boge over muren og inn ved stolpen. 

Sjølv om Fitjar var fullt på høgd med motstandaren sin, og kunne scora fleire mål, måtte dei snart sjå Minde koma inn att i kampen. Med to litt lettkjøpte mål snudde dei kampen før pause. Jonas Aleksandersen hadde eit skot i vinkelen på slutten av omgangen, men gjestekeeperen viste fram ei kjemperedning.

 


Fitjarspelarane Marius Storebø, Alejandro Rojo og Sander Tverborgvik sparte seg ikkje i hovudduellane. Foto: Kjetil Rydland.

Det gjekk berre fem minutt av andre omgang før Minde gjekk opp til 3-1, og derfrå og inn blei det tungt for Fitjar. Minde var nok eit strå kvassare på det sleipe graset, og mot slutten av kampen fekk dei to mål til. Dermed blei det eit stygt 1-5-tap for Fitjar-juniorane.

Likevel spelte dei ingen dårleg kamp. Heile laget kjempa bra, sette fart på ballen, og viste mykje fint pasningsspel. Diverre blei kampen skjemt av ein del stygge taklingar på det glatte underlaget, og ein dommar som ikkje klarte å halda kontroll.  

Fitjar sitt lag:
Ruben Træet, Svein Arne J. Raunholm, Sigve Hjelmen, Sander Tverborgvik, Thomas Koløen, Marius Helland Storebø, Mats Westvik, Markus Helland Tislevoll, Jonas Aleksandersen, Carlos Alejandro Rojo Alcala, Daniel Skarpnes. Innbytarar:  Arild F. Waage, Markus Gerhardsen, Jonas Moldskred, Sebastian T. Thomassen, Kristian Prestbø.