Wenche Tislevoll styreleiar i Samarbeidsrådet

Wenche Tislevoll. Foto: FP-arkiv/HCH

Ordførar i Fitjar kommune og nestleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Wenche Tislevoll, har sagt ja til å fungera som styreleiar fram til neste møte i Representantskapet i 2017.

Det skriv dagleg leiar og fitjarbu, Gro Jensen Gjerde, i ei pressemelding.

Ordførar i Kvinnherad kommune, Peder Sjo Slettebø, har grunna stor arbeidsmengd i eigen kommune gjeve melding om at han ikkje kan fortsetja som styreleiar i Samarbeidsrådet, og Wenche steppar inn for han. Slettebø held fram i styret. 

– Samarbeidsrådet har store og  viktige saker som skal arbeidast med framover. Blant anna vil regionreforma, ferjefri kyststamveg og ferjeavløysingsmidlar verta heilt sentrale, heiter det til slutt i pressemeldinga.