Med batteridriven drill og vater blir jobben gjort fort og nøyaktig. Foto: Kjetil Rydland.

Nytt vegkryss i Fitjarfjellet

I dag har me vore med Toralv Røen og sett opp eit flott, nytt vegkryss i nærleiken av Botnavatnet.

Toralv Røen lar seg ikkje skrema verken av regn eller rusk når han er oppteken av positive tiltak i fjellet.

Tysdag morgon regna det litt for mykje, men me hadde ikkje tid å venta på opphald. Saman barnebarnet til Toralv Røen, Sigvald Leirvik, drog me til fjells i skodde og regn litt utpå føremiddagen.

Eit lite stykke utanfor Botnavatnet blei det etablert eit nytt vegkryss. Der møtest stiane frå Rimbareid og Dalshaugane, og deler seg igjen i retning Kidno og Botnavatnet.


Toralv Røen lar ikkje ruskavêr koma i vegen for å gjera ein skikkeleg jobb. Foto: Kjetil Rydland.

 

Toralv Røen har laga skilta sjølv heime i verkstaden sin, og med hjelp frå gode berarar fekk han både skilt og eigna verktøy opp utan for mykje slit i regnvêret. Han har alltid med ein berbar drill og vater på slike oppdrag, og arbeidet blir gjort nøyaktig og solid på ein blunk.

– Dei som ikkje finn fram no, har ingen ting i fjellet å gjera, seier Toralv Røen før me legg på heimveg.  

 


Og til dei som lurer på kor skiltet på Mehammarsåto kjem frå, kan me opplysa at det òg kjem frå verkstaden til Toralv Røen. Foto: Kjetil Rydland.