No har mest alle partia vitja Fitjar vgs

Fitjar vgs. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fredag kom representantar frå Ap og måndag frå SV. Dermed har alle partia, bortsett ifrå Miljøpartiet De Grønne og Rødt, vitjar Fitjar vgs i samband med at skulen sin vidare eksistens vert avgjort på Fylkestingsmøtet i oktober.

Frå Arbeidarpartiet kom leiaren i Fylkestinget sitt Utval for oppvekst og helse, Emil Gadolin, saman med ein sekretær. Det skjedde fredag.

Og i går kom to fylkestingsrepresentantar frå SV.

Alle fekk dei sjå og høyre korleis stoda er på Fitjar vgs som mellom anna kan syne til svært gode resultat, stor trivsel, lite fråfall – og svært gode lokalitetar.

– Me prøvde og å få fram at ein ikkje vil spare særleg pengar på å leggje ned Fitjar vgs.

Så er det berre å vone at det at politikarane har fått høyre og sjå kor bra det er her, vil slå positivt ut når avgjerdsla skal takast, seier rektor Leif Helge Engelsen til fitjarposten.no.

Innan kort tid kjem Fylkesrådmannen med si tilråding, om ei veke er det utvalsmøte – og så vert det heile avgjort 7.-8. oktober når Fylkestinget har møte.