Kristina Sætre, Alin Vik og Mari K. Lønning med pokalane sine i Vikedal. Foto: Privat.

Blide bilcrossjenter i Vikedal

Fitjar Racing Team hadde tre blide jenter på startstreken under løpet i Vikedal i helga, og alle tre kom heim med pokalar.

I seniorklassen stilte Kristina Sætre opp i ei folkevognboble som ho meir eller mindre har bygd sjølv. Litt tilgang på eksperthjelp har no nok hos Oliver André Matre, men han fortel at Kristina har sett bilen i stand heilt sjølv. 


Purple power – Kristina Sætre har sett saman boblemotoren sjølv – og lakkert den lilla. Foto: Kjetil Rydland.

Køyringa gjekk også bra, og ho blei nummer åtte totalt, etter tredjeplass i B-finalen. Dette seier ho seg godt fornøgd med.

Dei to Fitjar-jentene i juniorklassen seier seg òg bra fornøgde med innsatsen i helga. Mari K. Lønning i Ford Sierra blei nummer fire i C-finalen, noko som gav 14.-plass totalt. Ailin Vik gjorde det endå betre. Ho kvalifiserte seg for B-finalen, og her leia ho lenge etter å ha fått ein kjempestart. Men i siste sving fekk ho vanskar med 2.-giret, og blei forbikøyrd. Litt irritert var ho over å ikkje nå målet om A-finalen, men sjuandeplassen totalt, etter andreplassen i B-finalen er ei god prestasjon. 

Surt var det òg at ho miste bilen sin, ein Opel Astra, på bod etter løpet i Vikedal. Men slik er reglane; bilane i bilcross blir lagde ut for sal, og den som er heldig får tilslaget. Folk frå Egersund la inn bod på den kjappe Opel Astra-en, og bilen var tapt. Så no må Ailin ut for å skaffa ny bil. Men kjenner me henne rett, misser ho ikkje motet.


Det var hektisk i verkstaden til racingteamet på Rydland før dei fekk bilen til Ailin klar til løp i helga, og ekstra surt at dei måtte sjå bilen fara til Egersund. Foto: Arild Vik.