Henrik Vervik (8) brøyter seg enkelt veg gjennom Fitjar-forsvaret og gir Stord 1-0 i byrjinga av kampen. Foto: Kjetil Rydland.

Stord sine nest beste var altfor gode

Toarlaget til Stord hadde ingen problem med å slå Fitjar så klart som 5-2 i Fitjar Idrettspark søndag ettermiddag.

Då Fitjar sine beste menn tok imot Stord sine nest beste til nabooppgjer på graset i Fitjar Idrettspark søndag ettermiddag, såg me snart kva veg det bar. Stord-spelarane hadde knapt fått tak i ballen før dei begynte å spela seg til store målsjansar. Allereie etter seks minutts spel var Stord-kaptein Kato Vangen gjennom, men eit altfor «snilt» skot blei lett å redda av dagens Fitjar-keeper, Aleksander Henriksen.


Stord-keeper Alf Halland Nesse ryddar opp framfor Torbjørn Korsvik. Foto: Kjetil Rydland.

Snill var ikkje midtbanespelar Henrik Vervik eit par minutt seinare, då han enkelt storma gjennom Fitjar-forsvaret og møtte ein corner perfekt på hovudet. Ballen fauk inn i mål bak Fitjar-keeperen, som hadde hendene på ballen. Med litt mindre rust på hanskane kunne han nok ha redda. Og Henrik Vervik gav seg ikkje med dette. Etter eit kvarter kom han seg fint gjennom heile Fitjar-forsvaret og skaut utakbart i mål. 

I løpet av første omgang noterte me ingen sjansar for Fitjar, medan Stord heldt fram med å dominera. Derfor kom det som ei aldri så lita overrasking at Fitjar-spelarane klarte å visa tenner i byrjinga av andre omgang. Ein løpsvillig Jonas Tislevoll var god og heldig då han møtte eit innlegg frå André Helland. I duell med Stord-forsvaret fekk han foten på ballen, og brått stod det 1-2, og med det var kampen kveikt til live igjen.


Jonas Tislevoll lar seg ikkje skrema av den sjedne målsjansen, og reduserer til 1-2. Foto: Kjetil Rydland.

Og meir liv skulle det bli, for etter vel åtte minutts spel stod det utruleg nok 2-2. Denne gongen fekk Fitjar god hjelp av Stord-keeper Alf Halland Nesse, som feilberekna eit framspel. I staden for å ta ballen, slo han den opp i lufta, og Kjell André Thorland, kom stormande og scora sikkert. 

Men det som var av spenning i kampen, varte berre i knapt fem minutt. Nils Ingard Tislevoll pådrog seg frispark og gult kort for ei felling på rundt 20 meter. Frisparket gjekk rett på keeper Aleksander Henriksen, men han klarte ikkje å halda ballen. Inn i feltet kom den gamle storspelaren Christian Brink stormande, og scora sikkert frå kort hald. 


Tomålsscorar Kristian Magnussen gjer livert surt for Leif A. Tangen (14) og Torbjørn Korsvik i Fitjar-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed var i praksis kampen avgjort, ein halvtime før full tid. Med tanke på at Kristian Magnussen framleis var på banen, og enno ikkje hadde notert seg i målprotokollen, såg det ikkje lyst ut for Fitjar. Den gamle storscoraren plar ikkje gå av banen før han har scora, og han avgjorde med to typiske goalgettermål på slutten av kampen.

For heimelaget var det ein laber kamp, mot altfor sterk motstand. Med unnatak av det første kvarteret i andre omgang var det lite positivt å sjå. Spelarane verka uinspirerte og slakke. Men om meir glød hadde hjelpt mot dagens utgåve av Stord, er ei anna sak.

Etter dagens tap er det slutt på det vesle som var av håp om å pressa Bremnes i toppen av 5. divisjon. Med ein kamp mindre spelt enn dei andre laga i toppen ligg Fitjar på sjetteplass. Neste kamp er søndag om ei veke, heime mot Smørås 2. 

 

KAMPFAKTA

Fitjar–Stord 2: 2–5 (0–2)
Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark søndag 28. august kl. 16.00
Publikum: 120
Dommar: Geir Inge Myrvold, Eikelandsfjorden IL

Mål: 0–1 Henrik Vervik (8.), 0–2 Henrik Vervik (16.), 1–2 Jonas Tislevoll (51.), 2–2 Kjell André Thorland (54.), 2–3 Christian Brink (59.), 2–4 Kristian Magnussen (71.), 2–5 Kristian Magnussen (82.)

Gult kort for Fitjar: Nils Ingard Tislevoll (57.)

Fitjar sitt lag: Aleksander Henriksen, Badi Hurasi (Sander Tverborgvik 13.), Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, André Helland (Markus Helland Tislevoll 75.), Helge Træet (k),  Kjell André Thorland, Arild Fitjar Waage (Mats Westvik 63.), Marius Helland Storebø (Leif André Tangen 63.), Jonas Tislevoll (Jan Åge Tislevoll 79.), Thomas Vestbøstad Waage (Jonas Aleksandersen 30.).