Her har Roger Nesbø fått med hjelmen og solbrillene på biletet før han startar i det 10. Birkebeinerrittet sitt. Foto: Roger Nesbø.

Fitjarbuar i Birken 2016

Så langt me kjenner til, har sju fitjarbuar fullført årets Birkebeinerritt frå Rena til Lillehammer.

Løypa er på 86 krevjande kilometer, med total stigning på til saman 1493 m.

Slik ser resultata for våre deltakarar ut: 

Grethe Sunde Vik          Kvinner 50-54    4.28,25

Halvor Larsen                Menn 20-25       3.33,50

Kjell Magnar Helland     Menn 55-59       3.34,00

Gisle Vik                        Menn 50-54       3.40.27

Roger Nesbø                 Menn 50-54       3.42.45

Lars Andreas Larsen     Menn 25-29       3.44,56

Per Thorland                 Menn 50-54        4.26.27

Av desse sju fitjarbuane er det tre som i dag har fullført denne klassikaren for tiande gong, nemleg Kjell Magnar Helland, Roger Nesbø og Gisle Vik.

 


Fitjarbuar på Lillehammer etter dagens ritt; f.v. Gisle Vik, Per Thorland, Halvor Larsen, Grethe Sunde Vik, Lars Andreas Larsen og Roger Nesbø. Foto: Privat.