Arbeidsulykke på Fitjar

Alle naudetatene rykte ut til Fitjar sentrum i føremiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt klokka 12 i dag fekk  politiet melding om ei arbeidsulukke på Fitjar. Ein mann har fått ein svært tung stålreol over seg og er sendt med luftambulansen til Haukeland.

–  Skadeomfanget er førebels ukjent for oss, men mannen er henta i luftambulanse og frakta til Haukeland Universitetssjukehus, opplyser operasjonsleiar Norunn Byrknes i Sør-Vest politidistrikt, avdeling Haugesund.

Etter det Fitjarposten vidare er gjort kjend med var mannen som har utanlandsk statsborgarskap bevisst, men at det var mistanke om indre skadar som kan vere alvorlege.

Ulykka skjedde medan mannen jobba i kjellaren i eit forretningsbygg i Fitjar sentrum, og mannen skal ha vore åleine der når ulykka skjedde.

– Politiet har vore på staden for å gjera undersøkingar og ta imot forklaringar på korleis dette kan hengje saman, seier operasjonsleiar Byrknes, til slutt

 Kl 15 stadfesta sjukehuset at mannen er alvorleg skadd.