Vyborgbasar med pastorbesøk frå Russland

Erik Airian og Valery Tolkachew. Foto: Privat

Den tradisjonelle Vyborgbasaren i Sunnhordland  går av stabelen laurdag 10. september. I år er basaren lagt til Fitjar bedehus Ein får besøk av to av medarbeidarane i Vyborg, pastor Valery Tolkachew og hans assistent Erik Airian, som er leiar for evangelisenterarbeidet. 

Det er mange frå Sunnhordlandsregionen som har vore på hjelpesendingstur til Russland og møtt dei russiske medarbeidarane. No vert det høve til eit hjarteleg gjensyn, og å høyre dei på Fitjar bedehus.

Denne kvelden blir det rykande ferske rapportar frå arbeidet Vyborghjelpa driv av dei som står midt oppi det. Til Sunnhordlandsbasaren kjem også styreleiar Jon Teigen og styremedlem Johannes Stokke frå Ålesund. Sistnemnde er sjåfør under turane, og er mannen bak alle billedseriane frå arbeidet i Vyborg.

Basar er sjølvsagt også  loddsal og hovedtrekning med masse flotte gevinstar. Det vert mat og kaffe, og song av Fitjar Musikkforrening.

 

Bilettekst:

To av Vyborghjelpen sine medarbeidarar i Russland, pastorane Erik Arian og Valery Tolkachev, deltek på Vyborgbasaren på Fitjar bedehus  laurdag 10.september.