Viktig dialogmøte om Fitjar vgs i Bergen i dag

Rektor Leif Helge Engelsen er i Bergen for å tale FItjar vgs si sak, men vert avspist med ei taletid på 1,5 minutt. Foto: FP-arkiv/HCH

Både rektor Leif Helge Engelsen og ordførar Wenche Tislevoll var i Bergen for å tale Fitjar vgs si sak i dag. Men dei fekk minimalt med taletid. Likevel fekk dei løfta fram viktige moment.

Det skriv bladet Sunnhordland som har reporter Anita Haugland på plass i Bergen.

Engelsen og Tislevoll er elles ikkje åleine frå Fitjar/Fitjar vgs. Dei har med seg elev Thomas Sivertsen, kommunestyrerepresentantane Vigdis Røen Leirvik (Ap), Grete Marit Veka Maraas (Sp) og Harald Rydland (KrF). Men mykje taletid får dei ikkje. 

– Kva er då vitsen med dialog, sier Wenche til Sunnhordland og viser til 1,5 minutt taletid.

I samtale med fitjarposten.no i kveld seier ordføraren at dei fekk no peika på at skulebruksplanen er feil med omsyn til romkvaliteten, noko ein ny rapport som låg føre òg syner.

Harald Rydland fekk fram at økonomisk vil det slett ikkje vere særleg pengar å spare ved å leggje ned Fitjar vgs og byggje ut på Stord. Kanskje tvert imot.

Så gjeld det å halde saka varm vidare.

7. september vert det møte i Fylkesutvalet. Endeleg avgjerd i sake vert teken på Fylkestingsmøtet 4.-5. oktober.