– Ein må forvente at kvaliteten tel sterkt

Frp-politikarar på Fitjar. F.v. fylkestingpolitikar Sigbjørn Framnes, parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik, leiar i Fitjar Frp Sigurd Maraas og leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det sa parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik (Frp) på Fitjar vgs i ein kommentar til tanken om å leggje ned skulen, etter å ha høyrt og sett kva for kvalitetar Fitjar vgs står for.

Kommentaren kom altså etter at Nesvik hadde blitt orientert om kva Fitjar vgs står for, og han var tydeleg på at denne skulen står for akkurat slike kvalitetar som er ønskjeleg at ein vidaregåande skule skal ha.

Dei andre Frp-politikarane som var til stades, leiar i forvaltningskomiteen Helge Andre Njåstad og fylkestingpolitikar Sigbjørn Framnes, syntes òg å vere samd med dette. I morgon skulle dei ha møte med fylkestingsgruppa og ta saka opp med dei.

Lokal representant var Sigurd Andre Maraas uttrykte at han var glad for at Frp-toppane tok seg tid til å koma til Fitjar. Eit av poenga til Sigurd var nettopp  å syne at skulen er mykje betre enn det som går fram av skulebruksplanen.

Tidlegare i dag var òg to fylkestingpolitikarar frå Venstre på besøk. Det møtet kunne ikkje fitjarposten vere med på. Men rektor Leif Helge Engelsen peikar på at det og var eit positivt møte.