Tok med seg heile personalet

 

Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarbu, kokk og restaurantsjef Odd Einar Tufteland tok med seg heile personalet frå sine to restaurantar til synfaring og orientering på Fitjar i går.

Odd Einar Tufteland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Odd Einar står bak restaurantane «Restaurant 1877» ved Kjøttbasaren i Bergen og «Cornelius Sjømatrestaurant» ved Bjorøy. På sommarstid utgjer det rundt 40 tilsette. Til vanleg 25. Med til Fitjar var 24 av den mat- og drikkeinteresserte gjengen.

På Fitjar vitja dei Fitjargarden for poteter, angus- og griseproduksjonen til Fitjar Gardsmat på Sæterbø, krabbefabrikken Havn produkter og Fitjar Bær. God orientering og oppleving fekk dei alle plassar. Til slutt vart dei samla på Fitjar Fjordhotell til god mat, og der mellom anna fleire firma presenterte seg i tillegg til dei som var vitja på runden. Mellom anna Onar Westerheim med honning og Johannes Sandvik med «En liten øl».

– Det er veldig populært med lokal mat, seier Odd Einar Tufteland som allereie har god erfaring med fitjarpoteter og krabben frå Havn produkter. –Krabbene deira er henta i eit område som gjev svært gode krabber, og dei er vidare handsama på ein svært god måte, seier han.

No vil det truleg bli fleire fitjarprodukt å finne på restaurantane til Odd Einar som og vil fremja desse produkta på Matfestivalen i Bergen.

– I kveld vert det viktig å kunne spørje og samtale med dei lokale produsentane om kva me kan få til saman, sa han før han møtte dei på hotellet i går ettermiddag.

Noen av produsentane som profilerte firmaet sitt. F.v. Onar Westerheim, Oddvar de Fine, Sverre Sæterbø, Margareth Tislevoll, Turid L. Fitjar og Johannes Sandvik. Foto: Håkon C. Hartvedt