Henriette Tranøy scorar mot Skansens. Foto: Kjetil Rydland.

Fotballdamene heldt skansen mot Skansens

Bergenslaget Skansens Ballklubb hadde lite å stilla opp med mot spreke Fitjar-damer i dagens seriekamp på kunsten.

Heile 6-3 vann heimelaget etter 3-1 ved pause, og dermed fekk dei revansj for 4-5-nederlaget i serieopninga i vår.

Målscorarar for Fitjar i dagens kamp var Gro Hatlevik (1), Henriette Tranøy (2) og Elin Kvia Rydland (3).

Fitjar-jentene hadde bra kontroll heile kampen, og det kunne lett blitt endå fleire mål. Det var dei tre målscorarane som markerte seg mest, men heile laget viste brukbar form.

Etter dagens trepoengar ligg damene på tredjeplass på tabellen for kvinner 7ar, tre poeng bak leiarlaget Juristforeningen. Nettopp dei sterke juristane blir motstandar for Fitjar-damene i Bergen komande laurdag. Neste heimekamp er søndag 4. september, mot Tornado Bergen.

Fitjar sitt lag mot Skansens:
Rachel Helland, Eldrid Myrvang Simonsen, Elin Kvia Rydland, Gro Hatlevik, Henriette Tranøy, Line Jensen Westvik, Britt Lise Onarheim Volden, Anne Sofie Skumsnes, Anne Brakedal, Lisa Volden.