Over stokk og stein i Nesevågen – eit takknemleg publikum fekk det dei kom for, og meir til. Foto: Kjetil Rydland.

Ei annleis oppleving  og ubegripeleg sjarmerande

Over 400 trassa regnet, og reiste til Nesevågen i Osterneset for å få med seg årets hending i Fitjar, og dei reiste ikkje forgjeves.

Fjorårets unike oppleving i regntunge Nesevågen freista tydelegvis til gjentaking, for i går kveld valfarta på nytt det kulturinteresserte Fitjar-publikummet ut til denne perla i Osterneset. Og på nytt blei dette yttarst spesielle arrangementet velsigna med rikeleg væte.

Men regnet tok ikkje motet frå verken arrangørane eller det velvillige publikummet. Fem båtlaster reiste over med skyssbåten «Rygerkatt» for å få seg ein god lått. Etter kvart letta regnet, akkurat i tide, og publikum fekk det dei kom for – absurd humor som gjekk over alle støvleskaft i våte Nesevågen. 


Gråvêret tok ikkje motet frå verken publikum eller arrangør. Foto: Kjetil Rydland.

Heile 400 forventningsfulle fann vegen til det lune og idylliske amfiet. Dei fleste hadde nok vore der i fjor, etter det me forstod, og dei knytte store voner til årets store hending i Nesevågen. I ei i hole i beitet har dei funne fram til eit skikkeleg fint amfi, der dei hadde montert opp scene og sett opp provisoriske benker til nesten 400 menneske. Enkelte måtte nøya seg med ein våt stein i buskane, men det såg ikkje ut til å sjenera. Heile forsamlinga tok umåteleg godt imot heltane sine frå Nese, og dei skuffa ikkje. Verken Kristian Skumsnes eller John Arvid Skumsnes verka særleg komfortable på scenen, sjølv om sistnemnde verka rimeleg scenevant.

Men at publikum fekk det dei var komne for, var det ikkje tvil om. Dei to gutane frå Nese serverte den eine absurde fornuleringa etter den andre, kombinert med ein god porsjon sjølvironi. Eit desidert høgdepunkt var då John Arvid spela «Å, ver hjå meg» på horn, til akkompagnement av Kristian på motorsag. Du skjønar at du er med på noko spesielt når hundrevis av våte fitjarbuar ler seg forderva av ei sur motorsag! Basar høyrde sjølvsagt med når det var tilskiping i Osterneset, og sjølv om den blei i lengste laget, såg det ut til at publikum storkoste seg med dei vanvittige kommentarane frå Nese-duoen på scenen.

Tittelen på årets tilskiping «Neserevyen The Movie» bar bod om at det skulle visast film, sjølvsagt med Kristian og John Arvid i hovudrollene. Beskjedne og sjølvironiske frykta dei for at dei måtte ha eit forsprang på publikum, at dei måtte komma seg fekk så snart publikum fekk sjå produktet. Men det hadde dei ingen grunn til; den slo minst like godt an som alle dei andre sprø innslaga. Dei drog linjene heilt tilbake til ei fjern fortid, då den første osternesingen steig i land på Nese, og fram til i dag. Høgdepunktet var kanskje filminnslaget frå NM i orientering på tohjulstraktor på Nese. At det går an!

Det skjemte ikkje at dei hadde fått god hjelp av Helge Haaland med filminga. Det skjemte naturlegvis heller ikkje at pianist Irene Simonsen var med og akkompagnerte dei absurde innslaga. Ein god musikar hjelper ikkje minst for å stramma opp regien. Og akkurat det trong desse unike revyartistane frå Nese. Det skjemte heller ikkje at arrangøren sørgde for komfortabel båttransport frå Fitjar sentrum, til ein skikkeleg kai i Nesevågen, og at transporten blei ryddig og forsvarleg organisert. 

 


Denne idylliske hola i beitet på Skumsnes er godt eigna til utomhus arrangement. Foto: Kjetil Rydland.


Du skjønar ar du er med på noko spesielt når hundrevis av fitarbuar brølar om kapp med ei sur motorsag. Foto: Kjetil Rydland. 


Dette nydesigna sengesettet blir neppe nokon slager. Foto: Kjetil Rydland.

Torhild Hovstad i arrangementskomiteen fortel at alle dei 400 billettane var utselde. Ho reknar med at det var rundt 440 menneske, inkludert arrangørane, til stades i buskane på Nese denne fantastiske kvelden. Dermed blir det ei solid inntekt for den driftige og fryktlause dugnadsgjengen. Til liks med i fjor vil overskotet gå til gode allmennyttige føremål, men akkurat kven som får glede av pengane, er ikkje bestemt enno.

Ikkje alt var like gjennomført i denne absurde tilskipinga, dei kunne nok ha stramma opp regien her og der. Men det gjorde ingen ting, for publikum storkoste seg. Om du ikkje alltid klarer å opptre like profesjonelt, men byr på deg sjølv – og gler folk – så korfor ikkje?


Som ved andre store tilskipingar, programmet blei avslutta med fyrverkeri. Foto: Kjetil Rydland.