Områdestemne for NMS på Fitjar i helga

Det heile startar i Fitjar kyrkje søndag føremiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

NMS har i år lagt sitt årsmøte og områdestemne til Fitjar. Det heile finn stad søndag.

Det startar i Fitjar kyrkje med gudsteneste før det vert middag på Fitjar Bedehus. Her vert det så årsmøte og misjonsfest.

Talar vert Mali-misjonær og misjonskonsulent Ingvald Andersen Frøyen.  Han har 40 prosent arbeid i Mali og resten i Sogn og Fjordane, og er den første arbeidaren som har arbeid ute og heime samstundes. Det i seg sjølv kan vere spennande å høyre om.

Frøyen er vidare kjent for å vere flink til å formidle inntrykk og hendingar frå misjonen saman med ei klår Kristusforkynning.

– Me gler oss til å høyre han, seier leiar i Sunnhordland område av NMS, Gunnvald Bjotveit, i ei pressemelding.

Ingvald Andersen Frøyen. Foto: NMS

Lokal innsats
Det praktiske  og arrangementet av misjonsfesten står misjonsforeiningane på Fitjar for. 
I kyrkja vert det song av Elisabeth og Olav Oma medan Sofie Tislavoll, Berit Hovstad og Hans Gunnar Nilsen står for song og musikkinnslaga på misjonsfesten.

Visjonar
– Eit årsmøte skal gje tilbakeblikk frå året som gjekk og arbeidet som er gjort, og henta fram nye visjonar til tider som kjem. Saman med gode misjonsvener i hyggjeleg lag, skal det gje kunnskap, utfordringar og nytt mot i arbeidet vidare.

Misjon er hovudoppgåva til den kristne kyrkja. Mon tru om ikkje det er endå meir tydeleg og naudsynt enn i dag? Saman har me fått ei stor oppgåve og eit krevjande oppdrag, seier Bjotveit, og ønskjer vel møtt til det han omtalar som ein rik misjonsdag.