– Denne skulen må bestå

På møte på Fitjar vgs i dag. F.v. rektor Leif Helge Engelsen, ordførar Wenche Tislevoll, gruppeleiar Mona Røssvik Strømme, fraksjonsleiar for skule Christer Lilleskare Olsen, fraksjonsleiar  Karsten Sprenger og Arne Prestbø frå Fitjar Høgre. Hotelldirektør Ronald Hareide var òg med på møtet, men måtte gå før biletet vart teke. Foto: Håkon C. Hartvedt

Høgre si fylkestinggruppe vil gå inn for at nedleggingstruga Fitjar vgs får fortsetje, når saka skal opp i Fylkestinget i byrjinga av oktober. – Denne skulen må bestå, sa gruppeleiar Mona Røssvik Strømme på eit møte på Fitjar vgs i dag.

Med seg på møtet hadde ho gruppesekretær Karsten Sprenger og fraksjonsleiar for skule Christer Lilleskare Olsen. 

Frå skulen stilte rektor Leif Helge Engelsen, og ordførar Wenche Tislevoll og Arne Prestbø stilte frå Fitjar Høgre. Hotelldirektør Ronald Hareide var òg med på ein del av møtet.

Flott presentasjon
Enno ein gong fekk me høyre ein svært god presentasjon av skulen, og enno ein gong fekk skulen peike på at fleire ting i Skulebruksplanen ikkje stemmer med slik tilhøva er ved Fitjar vgs no. Skulen er mykje betre enn det som går fram der.

Mona Røssvik Strømme er oppteken av den einskilde eleven og var særleg glad for det gode helsetilbodet ved skulen, og at ein ser den einskilde, i tillegg til skulen sin faglege styrke.

Karsten Sprenger var oppteken av at kvalitet er viktigare enn kvantitet, og syntest det var svært interessant å få høyre historia og tenkinga bak det ein gjer på Fitjar vgs.  – Denne skulen er så mykje meir enn det tala og orda i planen får fram, let det.

Christer Lilleskare Olsen gledde seg over alle suksessfaktorane Fitjar vgs har, og var mellom anna imponert over korleis skulen ser på elevane.

Arne Prestbø fortalde ei personleg, sterk historie som døme på nettopp den gode måten Fvgs møter elevane på.

– – –

For ei tid sdan hadde Fitjar vgs besøk av fylkespolitikarar frå Sp. I dag frå Høgre, og på mandag kjem truleg nokon frå Frp. 

–  Me vil vere svært takksame om politikarar frå fleire grupper finn vegen til Fitjar. Eg skal i alle fall stille opp, seier rektor Leif Helge Engelsen, til slutt.