Samarbeid om super arbeidsbåt

Samarbeid om båten. Framme f.v.: Avdelingssjef Ingrid Vestbøstad frå Spv, dagleg leiar Oddvin Overnes frå Friluftsrådet Vest, Jonas Tjelle og. styremedlem i Friluftsrådet Vest, Annar Westerheim. Bak: Fylkesidrettssjef Britt Karen Spjeld, Jarle Vikingstad frå Smarten Marine, friluftssekretær Kari Dommersnes i Friluftsrådet Vest, styreleiar i Friluftsrådet Vest, Astrid Larsen, ordførar Wenche Tislevoll og brannmann og oppsyndmann Bård Inge Sørfonn. Foto: Håkon c. Hartvedt

Fitjar kommune, Hordaland fylkeskommune og Sparebanken Vest har gått saman i spleiselag om ein super arbeidsbåt, «Kari II», til Friluftsrådet Vest og Fitjar kommune. Båten er ein arbeidsbåt og like mykje ein båt som kan nyttast av Fitjar Brannvesen til brann- og redningstenester.

Fitjar kommune bidrog med 325 000 kroner, fylkeskommunen med 150 000 kroner og Sparebanken Vest med 25 000 kroner. og ordførar Wenche Tislevoll som fekk æra av å døype båten er storleg nøgd mjed båten som skal vere stasjonert i Fitjar.

Klar for dåp. Wenche hadde ikkje døypt båt før og var spent på korleis dette ville gå. Champagneflaska skulle treffe røyret nede til venstre på biletet….

…og på andre forsøket går det bra. At det var ekte vare på flaska var det ingen problem med å snusa seg til etterpå. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det er ei stor ære å få vere gudmor til «Kari II». Båten er blitt akkurat så funksjonell som me ønskte. Dette gjev oss ny og utvida tryggleik, sa ho. og ikkje utan grunn. Båten er full av moderne utstyr som er optimalt å ha om bord i samband med redningsoperasjonar. Båten er kopla opp mot 110-sentralen og kan mellom anna operere i alle lys- og vêrforhold og har ein toppfart på 35-40 knop. Fitjarbu, oppsynsmann I Friluftsrådet Vest og brannmann Bård Inge Sørfonn karakteriserer båten som ein drøymebåt!

Arbeidsbåt
I tillegg er båten ein super arbeidsbåt når ein skal skifte, fornye eller levere ting i øyane som ein del av forvaltingsoppgåver av Friluftsområda i Fitjarskjergarden. I samband med dette har båten ein svært praktisk bauglem for å lette handtering av utsyr og materiell.

– Den nye båten vil setja oss i stand til å utføre oppgåvene våre på ein betre måte enn tidlegare, seier dagleg leiar i Friluftsrådet Vest, Oddvin Øvernes.

Bygd i Sverige
Båten er levert av Smarten Marine på Karmøy, og Jarle Vikingstad frå selskapet kan opplyse at båten er ein svenskbygd Arronet på 23,5 fot, og at han er bygd i aluminium. – Me har levert rundt 50 båtar av denne typen, men det er den første som er utstyrt slik som denne. Desse båtane kan ha ein toppfart på 50 knop, men med alt utstyret «Kari II» har i hekken, vil nok toppfarten på denne vere i underkant av 40 knop, seier han til fitjarposten.no. 

Båten har fått namn etter friluftssekretær i Friluftsrådet Vest, Kari Dommersnes, og barnebarnet hennar, Jonas Tjelle, overrekte blomar til ordførar Wenche Tislevoll. T.h. dagleg leiar Oddvin Øvernes. Foto: Håkon C. Hartvedt

Jarle Vikingstad demonstrerer den praktiske bauglemen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein flaggsmykka «Kari II». Foto: Håkon C. Hartvedt