Wärtsila med nytt trålardesign

Wärtsilä Ship Design har lansert eit nytt optimalisert trålardesign, som vil redusere drivstofforbruket og gi ein betydeleg auke i energieffektivitet samanlikna med andre eksisterande design.

 – Framdriftssystemet er basert på Wärtsilä 31-motoren, som er anerkjent av Guinness World Records som den mest effektive firetakts dieselmotoren i verda, skriv Wärtsilä, og fortset:

– Designet omfattar og Wärtsilä sin hybridteknologi som gjer at motorane kan køyrast på optimal last, og der mange av lastvariasjonane blir utjamna ved hjelp av batteri. Dette gjev ei betydeleg forbetring i energieffektiviteten og reduksjon i utslepp samanlikna med konvensjonelle system.

Unikt akterskipsdesign
– Den nye Wärtsilä VS 6215 ST trålaren har eit unikt akterskipsdesign. Vidare gjer kombinasjonen av eit optimalisert skrog og ei framdriftsløysing med  Wärtsilä 31-motoren at designet overgår alt som tidlegare er sett i dette markedssegmentet. I tillegg til hybridteknologien inkorporerer designet og Wärtsilä sitt 2-speed gir, som gir ytterlegare reduksjonar i drivstofforbruk og utslipp.

«Trålarar kan vere ute på fiske i opp til 350 dagar i året, og drivstofforbruket er derfor ein ekstremt viktig faktor. Dette designet inneheld den nyaste teknologien, og har blitt utvikla for å kunne tilby fiskeriindustrien lågare drivstoffkostnader og større mulegheiter for lønnsam drift, seier Riku-Pekka Hägg, Vice President, Ship Design i Wärtsilä Marine Solutions.