Vann stafetten
F.v. Julie Torvund, Mia Volden, Anna S. Bø og Linnea Vestbøstad. Foto: Håkon C. Hartvedt
Fitjar sitt lag J11-J12 gjekk heilt til topps og vann 4 x 100 m stafett i denne klassen under Stordleikane i helga.
På sigerspallen. Foto: Bård Inge Bø.
– Jentene vann føre lag frå sterke klubbar som Haugesund, Stord og Sauda, skryt trenar Bård Inge Bø-, og legg til:
-Svært gledeleg og litt overraskande siger etter minimal men effektiv vekslingstrening.
Fleire sigrar
Eline Fitjar Hjelle (13) gjekk heilt til topps i diskos (0,6kg) med 20,41 m, og Anna Sandvik Bø(12) vann ein jamn 40m-sprint på den gode tida 6,4.
Debutant og svært treningsvillige Halvor Aga (11) viste sitt utvilsame talent på mellomdistanse ved å presse vinnaren heilt fram til mål på 600 m. 2.01,63 og andreplass gjer at vi inderleg håpar dette ikkje vert siste gongen han prøver seg.
Rekruttane som var med på lengde og 40m
Klara Olsen Aadland
Tori Torbjørnsen
Ola Fitjar Hjelle
Emma Fitjar Hjelle
Jon Fitjar Hjelle
Bjart Sandvik Bø
Samuel Aarbø Olsen
Mikael Kongestøl Vik
10-åringane Johannes Sandvik Bø og Marius Kongestøl Vik leverte solide prestasjonar på 40 m, lengde, liten ball og i høgde. Medan Mari Fitjar Hjelle(11) gjorde ein fin innsats på 600 m
Elles viste dei eldre utøvarane Clara Wohlrab, Natalie Tislevoll og Marius Torbjørnsen (alle 13) at forma er i anmarsj.
Clara med pers i høgde på 1,32 m. Natalie til finale på 60 m, og Marius med fin pers i tresteg på 9,09 m.
Natalie Tislevoll (t.v.), er eit av Fitjar sine nye sprinttalent. I skikkeleg pøsregn, laurdag, kom ho til finalen på 60 m, og fekk ein fin 6. plass. Foto: Håkon C. Hartvedt