«Vel blåst» – og fleire glimt

Festvalleiar Hrafn Thorsteinsson. Her ifrå tjuvstarten på festivalen, under Sponsortreffet på onsdag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Festivalgeneral Hrafn Thorsteinsson og heile gjengen med flotte frivillige kan sjå tilbake på ein svært variert festival med ei stor breidde. Slik vart det noko å gle seg over for dei fleste. Her følgjer fleire glimt frå festivalen – og «vel blåst», seier me.

 

 

Vesle Lilli Lovise og mamma Mette Andreassen var på besøk frå Askøy og likte godt denne geita. Foto: Håkon C. Hartvedt

Her syner Oddvar Bergesen fram ein 160 år gamal bibel. Foto: Håkon C. Hartvedt

Oddvar Bergesen har overteke heile 60 000 bøker frå faren Arne.  I ein bod under festivalen vart han av med ein del av dette, men det er sjølvsagt uendeleg mykje att. Ein god del av samlinga er religiøs litteratur, men det er sjølvsagt òg mykje anna. 

– Det er ikkje viktig for meg å tene så mykje pengar på dette, men eg vonar at eg kan få ein avtale med kommunen eller andre som kan ta vare på denne samlinga på ein god måte, smiler han. Elles sel han både enkeltbøker og nokre bøker i kartongar. Svært billeg, spør du oss. 

I kø for å kjøpe middagsbongar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange folk til gudsteneste på kaien. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein del av Fitjar ad hoc-ensemble. F.v. Gurid Refvik, Martin Hatlevik og Terje Træet. Dei spelte til songane, og Gurid song ein nydeleg versjon av «Det er navnet ditt jeg roper». Harald Rydland og Heine Bernt Helland var og med og spelte, men kom ikkje med på biletet. Lydstyring og lydanlegg stod Per Egil Larsen for. Foto: Håkon C. Hartvedt