Ikkje heilt…

Thermoztat og Ranveig Johnsen Leseth fekk ikkje heilt opp den store stemninga på Fitjar Fjordhotell i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Konsertane me plukka ut for å høyre på i går kveld fekk diverre på ingen måte opp den stemninga Klagboltane fekk til i teltet på Sjøsio, fredag kveld, sjølv om det var fitjarbuar med i begge dei banda me høyrde på i går. 

Først ut var Folty Loft. Dei har me ikkje høyrt før, men fitjarbuen Lars Jacob Eide Helland er både vokalist og gitarist i bandet. Om han veit me frå før at han er svært dyktig som både songar og gitarspelar, noko han og fekk synt fram i går.

Flott song og spel av Lars Jakob Eide Helland . Foto: Håkon C. Hartvedt

Likevel møtte han berre eit fåtal heime av dei som var samla i teltet på Sjøsio.  Var det rundt 100 i teltet, var det etter det me kunne observere berre rundt 30 som følgde med på det som vart servert frå scena. Dei andre sat og prata. 

Ei forklaring kan kanskje vere at musikkstilen dette bandet spelar har litt nisjepreg, og då når ein ikkje så breidt, sjølv om musikarane er dyktige. 

«Danseband»
Me trudde at stemninga ville heve seg mange hakk då me møtte på hotellet til konsert med  Ranveig Johnsen Leseth og bandet Thermoztat som stilte med orginalbesetninga: Ranveig, song,  Lasse Ankervoll, gitar,  Asle Einarsen, trommer, Jørn Olav Myhre, bass og song og Kjell Ankervold og Garman Bore, keyboard. Bandet held framleis høgt nivå, og Ranveig har så visst ikkje tapt den gode vokalen sin. Både klang, innleving og uttrykk er der framleis. 

Stadig vakker song av Ranveig Johnsen Leseth. Foto: Håkon C. Hartvedt

Men dei av oss som gledde oss til å høyre «Ranveig in consert» var nok skuffa. Meir enn å opptre som eit konsertband, vart Thermozstat og Ranveig i går eit danseband, og då kjem både bandet og vokalisten i bakrunnen av «søa» som då oppstår.

Men det skal nemnast at ein del duettar med Ranveig og Jørn Olav Myhre var svært bra.

Så langt me kunne sjå, trur me likevel at folk, og dei var det mange av, koste seg den stunda Thermoztat var på scena.

Bølgjeblikkbandet: F.v. Årstein Tislevoll, Tom Wagtskjold, Torstein Grimen, Øyvind Fitjar og Per Egil Larsen.

Og den store stemninga kom, etter dei rapportane me har fått, likevel. Det var då Bølgeblikkbandet slapp til eit stykke ut på natta.

Men då hadde me for lengst teke kvelden…