Solveig Fitjar får god hjelp av Marta Stangeland frå Søgne med å servera saft av geitrams. Foto: Kjetil Rydland.

Glimt frå Fitjarfestivalen

På vår vandring rundt i regnet laurdag føremiddag møtte me både nye og gamle kjensfolk, og fekk med oss glimt av ulike aktivitetar.

 

Det mest kuriøse innslaget fann me i boden til Fitjargarden. At dei hadde fitjarpoteter til sals, var venta, men saft av geitrams var litt meir spesielt. Solveig Fitjar hadde med seg ein ung og særs serviceminded medhjelpar i Marta Stangeland frå Søgne. Smaksprøven verka lovande, så kanskje dette blir ein slager i Fitjar? Råvarer skulle det ikkje mangla på. Etter at geitramsen gjorde sitt inntog i Fitjar for 30-40 år sidan, har han blitt ein pest og ei plage. Kanskje han kan bli ein nyttevekst, men klarer me å sjå for oss at Tore Sigurd Fitjar og Mette Lambach er ute i geitramsåkeren og lukar ugras?


Det manglar ikkje råstoff til geitramssaft. Foto: Kjetil Rydland.

 


Torunn Johansen og Inga Skumsnes selde misjonslodd og lokka med fine premiar. Foto: Kjetil Rydland.

 


Svein Haaland råkar på ein gamal kjenning medan han er ute og luftar familien. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dette svinet fekk svi. Foto: Kjetil Rydland. 

 


I drosjebua lokka Svein Malvin Marås og Knut Ståle Alsaker med kaffi og kake. Foto: Kjetil Rydland.

 


Leiar i kajakklubben, Kjetil Hjelle, er markør i ei redningsøving, og før me veit ordet av han er han berga om bord i redningsskøyta SAR. Foto: Kjetil Rydland.