Veteranbilane skein så godt dei kunne i gråvêret. Foto: Kjetil Rydland.

Veteranbilane skein etter beste evne i regnet

Ei heil rekkje flotte veteranbilar blei stilte opp framfor Fitjar Rådhus, medan eigarane kura ved rådhustrappa.

 

Nærmare 20 veteranbilar hadde leiaren i veteranbilklubben, Erlend Helland, mønstra for å kasta glans over Fitjarfestivalen i år. Dei blankpussa bilane blei nøye studerte – og beundra – av mange skodelystne, men hadde fortent betre vêr. Mest åtgaum vekte nok dagens eldste bil, ein gul Ford F-1 pickup 1949-modell, som Eddie Alsaker nyleg har skaffa seg.

Dei eldste veteranbilane i bygda fekk me ikkje sjå i dag, men til gjengjeld ei flott rekkje Ford Grenada, i 40-årsalderen. Osvald Tufteland sin Mercedes 219, 1958-modell, var blant dei eldste i dag. Til stades var òg Johan Vedøy sin Opel Kadett 1973-modell. Dette er nok den einaste av dagens veteranbilar som har rulla jamt og trutt rundt på vegane i Fitjar dei siste 43 åra. Bilen blei kjøpt ny av Reidar Gerhardsen, som selde han til Johan Vedøy i 1984. 

 


Eddie Alsaker med den eldste veteranbilen som møtte opp i dag, ein Ford F-1, 1949-modell. Foto: Kjetil Rydland.

 


Ole Vidar Helland har nett fått i stand Nils N. Rydland sin luksusdrosje frå 1973. Her står mannen som truleg var den første som fekk køyra bilen etter eigaren, nemleg drosjevikar Lars J. Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

 

Denne Mercedes 219 tilhøyrer Osvald Tufteland. Foto: Kjetil Rydland.


Regnet danna eit fint mønster i lakken på Mercedes-en. Foto: Kjetil Rydland.

 

 


Johan Vedøy sin Opel Kadett 1973-modell har rulla rundt i Fitjar i godt over 40 år. Foto: Kjetil Rydland.