John Karsten Raunholm kjem om bord i Seacruise med ei hank flotte lyrar og ein pose småfisk. Foto: Kjetil Rydland.

Vêret skremde ikkje festivalfiskarane

Ivrige fiskarar lar seg ikkje skremma av dårleg vêr, og godt over 60 deltakarar konkurrerte om flotte premiar under Fiskefestivalen i dag.


Skulesjef John Karsten Raunholm hadde ein god dag på Matløyso under dagens våte førnøyelse. Han vann klassen for stongfiskarar med heile 14,2 kg fisk; inkludert fem flotte lyrar. Som om ikkje det var nok, fekk han òg førstepremien for dagens største fisk i stongklassen; ein av dei fine lyrane hans vog heile 2,25 kg. Nærmast John Karsten i stongklassen kom nabo Gunnar Audun Mehammer. Ein annan favoritt, Rune Aarbø, blei nummer tre, eit godt makrellhovud framfor bror sin, Leif Anders Aarbø.


På dette skjeret ved Matløyso stod John Karsten Raunholm og drog i land sigeren i Fiskefestivalen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dei to beste båtfiskarane, Idar Volden Mjønes t.v. og Christer Innvær. Foto: Kjetil Rydland.

 

Den blide skulesjefen kunne ta med seg heim både batteridrill, Hardangerbestikk og teine, alt saman gåver frå velvillige sponsorar av Fiskefestivalen. Liknande premiar blei det òg på Idar Volden Mjønes. Han vann båklassen med 33,45 kg fisk, nesten berre makrell, på stampen. Dermed slo han ein annan makrellfiskar, Christer Innvær, med 11 kg. Tredjemann i båtklassen blei Arnfinn Eriken frå Stord. Dei gamle ringrevane Kristian Lunde og Oddvin Grindevik var ikkje å sjå denne gongen, utan at det skal ta glansen frå prestasjonane til dei lokale makrellfiskarane våre.

 


Vidar Larsen vog som vanleg all fisken, med stødig hand. Foto: Kjetil Rydland.

I juniorklassen vann lokalkjende Bjørn Inge Skumsnes stongklassen, med 1,45 kg fisk, som han drog i land på Nese. Andremann i klassen blei Marius Pedersen, framfor ein annan Skumsnes-gut, nemleg Ole Morten Skumsnes. Båtfiske junior blei vunne av Mathias Turøy, med det fine resultatet 13,6 kg. På dei neste plassane kom Svein K. Sandvik og Emil Sørfonn.

 


Ole Træet sikra seg dagens største fisk, ei lange på 2,8 kg, som blei dregen opp i båten til Martin Eikeland. Foto: Kjetil Rydland.

Totalt blei det fiska 273 kg fisk under årets festival. I år òg fekk publikum høve til å forsyna seg av fangsten som blei att etter at fiskarane hadde teke med seg det dei ville ha av sin eigen fisk. Så vidt me kunne sjå, var det knapt ein makrell att i stampane då veginga var over. Det er kjekt å sjå at folk får høve til å skaffa seg litt fersk fisk, og at fangsten ikkje går til spille. 

 


Skipper Nils Agasøster på «Seacruise» frakta fiskarane ut til Fodno, Matløyso og Skumsnes. Foto: Kjetil Rydland.

 


Men det var ikkje alle som fekk vera med om bord … 

 

RESULTAT FRÅ FISKEFESTIVALEN 2016

Stong senior
1. John Karsten Raunholm       14,2 kg        
2. Gunnar Audun Mehammer   12,10 kg    
3. Rune Aarbø                          11,55 kg
4. Leif Anders Aarbø                 10,50 kg
5. Helge Offigstad                       5,55 kg
6. Geir Bjarte Hatlevik                 5,35 kg

Stong junior
1. Bjørn Inge Skumsnes             1,40 kg
2. Marius Pedersen                    0,75 kg
3. Ole Morten Skumsnes           0,45 kg
4. Tori Vestbøstad                     0,15 kg

Båtfiske senior 
1. Idar Volden Mjønes            33,45 kg 
2. Christer Innvær                  22,00 kg   
3. Arnfinn Eriksen                  15,00 kg
4. Paul Riise                          11,05 kg
5. Magnus Aarbø                   10,40 kg

Båtfiske junior
1. Mathias Turøy               13,60 kg
2. Svein K. Sandvik           11,55 kg
3. Emil Sørfonn                     6,4 kg
4. Jørgen Isdahl                    6,3 kg
5. Håvard Aarbø                   6,1 kg

Størst fisk frå land 
John Karsten Raunholm     2,25 kg lyr

Størst fisk frå båt
Martin Eikeland                  2,8 kg lange