Snart ny turbin på plass

Foto: Midtfjellet Vindkraft

Arbeidet med å få på plass ny turbin etter den som brende på Midtfjellet starta i går. Men i dag startar transporten.

I samband med at  transport vil starte i dag og varer ein periode, ber Midtfjellet Vindkraft publikum å vise varsemd langs vegen.

– Montasje av den nye turbinen vil starte måndag 15. august og er forventa ferdig i løpet av ei veke.

Normal drift er forventa mot slutten av september, heiter det på heimesida til Midtfjellet Vindkraft AS.