Kjempestemning

Folk storkoste seg under konserten med Klangboltane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei er karakterisert som verdas tøffaste mannskor og øver i eit grishus på Lunde på Stord. I kveld lage dei kjempestemning for fullt telt på Sjøsio. Me snakkar om Klangboltane.

Klangboltane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Med eit svært stilig komp fra akustisk gitar, akustisk bass, mandolin og ein stokk med bjeller på; kraftige mannstemmer som gav alt heile tida og kjende folkelege låtar som folk kan og som er lett å syngje med på, skapte Klangboltane ein kjempekveld for publikummet sitt i teltet på kaien i kveld.

Med ein konferansier som Joar Losnegård i koret sin midte, gjekk det heller ikkje lenge mellom kvar gong latteren runga så det dirra i teltduken.

Det var lett å sjå at folk verkeleg koste seg, og det skulle ikkje undra oss mykje om det vert gjenhøyr med denne gjengen ved eit anna høve òg.

Fullt! Foto: Håkon C. Hartvedt