På eit smilande vinnarlag ser me tre søsken frå familien Lunestad. Foto: Kjetil Rydland.

Vellukka festivalquiz

Festivalquizen i teltet på Sjøsio blei ei triveleg stund, og quizmaster Geit Bjarte Hatlevik skal ha all ære av innsatsen. 

Aller mest triveleg blei nok stunda for søskena Lunestad, som sneik seg så vidt forbi fleire arge konkurrentar, og kunne innkassera ein ganske solid premiepott. 

Til ei forandring blei det ikkje premie på det sterke quizlaget Hanen og hønene. Me etter det me kunne sjå, hadde ikkje hanen med seg alle dei faste hønene denne gongen, og det kan ha blitt utslagsgivande. 

Quizmeister Geir Bjarte Hatlevik og assistent Terje Træet hadde godt grep både om spørsmåla og den feststemte forsamlinga, som bestod av heile 19 lag. Etter å ha delteke på kveldens quiz vil me tru at denne konkurransen kan utvikla seg til ein fin festivaltradisjon. 

 


Hanen mangla fleire høner denne gongen, og kom ikkje på sigerspallen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Terje Træet og Geir Bjarte Hatlevik kom godt frå quizen i festivalteltet. Foto: Kjetil Rydland.