Rune Aarbø kjøpte inn fiskeutstyr på Larsen Multihandel ettermiddag, og er vel budd føre Fiskefestivalen. Foto: Kjetil Rydland.

Klar for Fiskefestivalen!

I ettermiddag møtte me ein stofiskar som har skumle hensikter under morgondagens fiskekonkurranse i Fitjar.

Etter at me møtte den kjende stongfiskaren på Larsen Multihandel torsdag ettermiddag, kan me slå fast at han har store ambisjonar i år òg.

Rune Aarbø har vunne stongklassen under Fiskefestivalen fleire gonger, og han kan godt tenkja seg å vinna igjen. Det skal i alle fall ikkje stå på utstyret – det må vera heilt klart etter at den gamle ringreven hadde forsynt seg med fiskeutstyr på butikken i dag. 

Dermed er alle konkurrentar advarte – Rune blir ikkje lett å slå i år heller!


Kanskje får me sjå Rune med ei slik hank i morgon? Arkivfoto FP/KR.